Vil DU bli med oss å fly med fuglane?
Paragliding er rekna for å vere ein av dei
enklaste og tryggaste formene for luftsport. Sogn Paragliderklubb
tek sikte på å halde minst eit nybegynnerkurs pr år. Kurset kostar
7.000,- og da er kurs,
kursmateriell, medlemskontingent, obligatorisk forsikring for
inneverande år, og leige av utstyr under kurset inkludert.
Stiller du med eige utstyr på kurset blir
det gitt rabatt på prisen på kurset, men instruktør skal då på
forhand godkjenne utstyret og sjå at det er egna for
nybegynnerstadie. Spør derfor helst ein instruktør eller forhandlar
om råd FØR du kjøper.
Instruktørar:
Einar Kalhagen
Roland Van Den Tillaar
Sigmund Vikersveen
Hjelpeinstruktørar:
Øystein Henjum
Kjersti Kalhagen
Morten Lindborg
Olav Martin Listou
Påmeldings info:
For å melde seg på kurset så kan man bruke e-post:
Kurs
Ved oppstart av kurs og andre aktivitetar så vil det komme info på
hovedsida under nyheiter. |