05.02.08 Årsmøte

Årsmøtet i Sogn Paragliderklubb blir helde Søndag 16.03.08 på klubbhuset. Tidspunktet er kl 1600. Saker som skal takast opp må vera styret i hende 14 dagar før møtet. Møteinnkalling blir i all hovedsak gjort pr. epost. Det er opp til kvar enkelt medlem og oppdatera epost og andre opplysningar i Melwin. Har du ikkje fått innkalling har du heller ikkje oppdatert personalia i Melwin. I år vil me ta hensyn og vil innkalla dei som ikkje har oppdatert epost-adresse via vanlig post, men til neste år vil alle bli innkalla elektronisk.

 

03.08.07 Kjell Petter Fammestad

Vår gode Kamerat og fly kompis Kjell Petter sova inn laurdag 28.07. Våre tankar går til Kathrin og hans familie. Begravelsen går kl 12.00 på Breim, Fredag 3.08.07. Kjell Petter blei 32 år gammal.

03.08.07 Kurs

Kurset vårt er godt i gang me 9 kjempe trivelige elevar som pr dags dato har ca 5 høgdetura kver. Klubben gler seg over dei nye pilotane som kjem til oss.

24.05.07 Demodag/Kursstart Årdal
Oppmøte på Grandane (v/moloen i øvre) kl 11.00 Søndag. Me startar med gjennomgang av utstyr og elementær startteknikk her og bevegar oss  opp til ein mindre kursbakke ved Tyin-vatnet rett etterpå. Ta med litt mat/drikke etter behov, og gode sko. Ved spørsmål, kontakt Morten eller Sigmund på tlf som vist på plakat i linken under. Anbefalar også å ta med ein god porsjon godt humør:)

10.05.07  Kurs i Årdal
Klubben startar opp kurs i Årdal 27 Mai. Sjå plakat.

25.04.07 Lisensar
Etter ein liten gjennomgang i Melwin (NAK sitt medlemmsregister) visar det seg at det er mange medlemmar som ikkje har fornya lisensen sin
og dermed IKKJE har lov til å flyga. Frå PP-3 og oppover kan ein fornya sjølve. Skjema finn ein på www.nak.no. PP-2 må snakke med instruktør eller
fagleg leiar. Det er veldig lett å fornya lisensen sin. I helga vil det bli sendt ut epost til dei det gjeld. NB! Hugs at utan lisens gjeld ikkje forsikring
og konsekvensane ved eit uhell kan bli store. Ved spørsmål send epost til Instruktør eller fagleg leiar.

10.02.07 Kjempedag i skiheisen
Flott dag på Sogn Skisenter med mange pilotar. Kjersti og Kjell Magne fekk sine første høgdeturar i dag, og me alle ynskjer dei
velkomne i klubben vår.

20.01.03 ÅRSMØTE
Alle medlemmar skal ha fått innkalling til årsmøtet som er laurdag 3.02 kl 1600, i klubbens lokaler i gamlestova på Hafslo.
Saker som skal behandlast må vera klubbens styre i hende innan torsdag 25.01. Me satsar som vanlig på å få fly i timane før møtet.
Her er link til innkalling med sakliste.

11-12-06 ENDELIG
Eg har oppretta eit nytt forum som eg håpar blir flittig brukt. Kom inn og skriv alt som du måtte ha på hjertet. Forumet ligg no under menyknappen FORUM
Velkommen til forumet SOGNAPG

29-11-06 uendeleg mykje pg-filma
Tida som kjem kan vera stusselig for oss pg-dudes. Her er webmasters anbefaling for å korta ned tida med litt filmar. Anbefalar breidbånd.
www.youtube.com  Legg inn søkeord paragliding og du har ca. 2500 filmar å kosa deg med.

23-11-06 Info
Lagt ut litt nye bilde. Laga ei side med linkar til aktuelle værdata som gjeld for vårt område. Værsider og liknande kjem som knappar i menyen til venstre, men driv og jobbar med eit anna oppsett på menyane.

23-11-06 Julebord
Grunna lite interesse blir det ikkje avhalde julebord tilhelga.

27-10-06 Brukt vinge
Sigmund skal selgja ein pent brukt Apco Fiesta Dhv 1. Fin og trygg vinge.

27-10-06 Sms varslinga vår
Pr i dag er det 10 medlemmar som er påmeldt sms-varslinga. Ingen veit kven dette er så vær vennleg å send ein epost og gi beskjed
om du er innmeld så legg me ut ei liste her så folk kan sjå kven som mottar meldingane som blir sendt ut.

12-10-06 Dvd
Har i dag fått tilsendt ein dvd frå seksjonen. Den er i utganspunktet meint for hanggliding, men er nyttig for oss alle. Plata inneheld: Infovideo på 13 minutt der ein tek utgangspunkt i SafePro- systemet. Promovideo på ca 4 minutt med masse hardcore hg greier og ein reklamefilm på 20 sek. Denne plata kan me fritt kopiera og bruka så alle som vil ha denne tek kontakt med leiaren.

12-10-06 Spel
Online paragliderspel der ein får poeng for termikk skruing. Vil retta ein advarsel til alle: Dette er ikkje lurt å prøva dersom du har dårlig tid. Sterk vanedannande. Spel her...

12-10.06 Julebord
Klubben vil i år gjera eit forsøk på å avvikla eit julebord for klubbens medlemmer. Dato som er foreslått er 2.12.06. Det vil innan kort tid bli sendt ut påmeldingskjema i epost til alle saman. Dette er fyrste samankomsten me har hatt på 3 år så håpar at so mange som mogeleg vil bli med på ein hyggelig kveld. Terje har sendt ut litt info på epost og me ber om at synspunkt og forslag blir sendt til meg eller Terje. Innbydinga gjelder og med følgje, eller venner og pg-wannabe's.

16-08-06 Værstasjon
No fungerar værstasjonen på Turtagrø att.

15-08-06 Demodag
Det blir demonstrasjonsdag på laurdag 19.08 kl 11.00. Oppmøte ved båthavna på Hafslo.

30-07-06 Og me er i gang att
Heisann. Grunna dataf**n har me ikkje oppdatert her på ganske lenge, men no er me i gang.
Sesongen so langt har vore ganske bra med med mykje fin flyging. PP2'arane våre er ivrige og er byrgja å få ein del timar.
Terje har som vanlig slege til med ein fantastisk tur frå Sogndal til Årdalstangen via Sognefjellet.
Framover vil me legge ut linkar til sider på web som er nyttige for alle trinn. Etter å ha fått ein del spørsmål siste tida om skyer anbefaler eg alle om å lesa her. Skyer er både nyttige og farlige for oss, og det er viktig at pilotar lærer seg å kjenna
eigenskapane til dei forskjellige.
Skulle du finna ei side på nettet som du meinar er av interesse eller nytte, kan du senda linken til meg.

14-03-06 Fornying av lisens
Terje har i desse dagar sendt mail til dei som skal fornya lisensen sin. Dette skal gjerast innan 1. april. Alle med PP2 skal ha underskrift av instruktør.
Øvrige sender inn på eiga hand. Skjema finn du her. Treng du hjelp, ta kontakt med ein instruktør eller sekretær.

14-03-06 Nytt klubbutstyr
Årsmøtet har gjeve styret fullmakt til å kjøpe inn brukt utstyr for kr 7500.-. Me ønskjer oss ei ok brukt vinge til å erstatte Apco'en me har i dag.
Fortrinnsvis prioriterar me utstyr som medlemmar av klubben vil selgja. Har du noko du vil selgja ta kontakt med oss. Me har sett ei frist til påske
med å bestemme oss for kva me vil kjøpa. Me vil og vera behjelpelige med å omsetta utstyr generelt innad i klubben.

08-03-06 Referat frå årsmøtet
Referatet finn du her.

28-02-06 Bildegalleri
Har  lagt til nokre fleire bilder i galleriet.

28-02-06 Acro VM på Voss
Voss er tildelt VM i acro paragliding for 2008. Arrangementet blir halde over 10 dagar enten i juni eller august 2008. Les meir på www.vosshpk.no
Dette er stort. Me gratulerar vossa-klubben og gler oss.

28-02-06 Pg-film frå Sindre
Ha motteke denne mailen frå Sindre: Jeg er snart ferdig med en framifrå film om flyging både her og der. Jeg ønsker å videreformidle mine opplevelser i 2005 med å selge denne dvd'en svært billig. Kr 100.- pr. eksemplar + 20.- i porto. Filmen inneholder bla:
- Teamflyfing over Øvre Årdal
- Norgesrekord FAI-treangel. ( området Gaupne-Jostedalen-Luster. Webmasters anm.)
- Flyging i Førde
- Distansetur over Besseggen
- NRK-produsert innslag
- Koseflyging på Heggmyrane og Ranen
Bestilling skjer ved å overføre kr 100/120 til min konto: 6546.10.83549. Overføringen merkes DVD-2005. Produksjonen starter snart, og jeg vil gjerne ha bestillingene klare før det. Tusen takk. Sindre Hauglum.

09-02-06 Årsmøte i Sogn Paragliderklubb
Det blir halde årsmøte i klubben sine lokaler på Hafslo laurdag 04-03-06 kl. 15.00. Vis nokon har saker som skal takast opp på møtet må dette vera levert inn skriftelig til klubbens sekretær seinast fredag 17-02. Vi håpar på å få bruka timane før møtet til å flyga. Vel møtt til alle gamle og nye medlemmer.

5-01-06 Nytt år og nye muligheiter
Vintersesongen står no for tur og er ein anledning for pilotar til å trena masse i månadene som kjem. Foreløpig har Sogn skisenter ikkje nok snø til å køyra heisen lenger enn til mast 10 (Seljeflat), men kan ved forespørsel mulig ta heisen til mast 16. Me har hatt ein konstruktivt møte med senteret og funne greie retningslinjer for pilotar i vinter. Hovedlanding blir på jordet mellom kafeteriaen og vegen som tidligare. Senteret har lova å preparere eit 5 meter breitt felt ved løypa til landing og pakking. Dei trakkar og starten på toppen som tidligare og utvidar denne slik vi måtte ønske det utover vinteren. Barnetrekket er flytta slik at det blir bedre plass i gamlebakken til å dra skjerm og kursa, men det er lagt ein ny nedfart her slik at sjølv om det er mindre folk her no kan det komma alpinistar i høg fart. Landing her er kun for dagar med liten trafikk og for pilotar som treng liten plass til å landa. Å lande utanfor kafeteriaen er IKKJE LOV og medfører bortvising. Einaste gonger me kan landa her er under organisterte flydagar i regi av styret i klubben og skisenteret. Ved påstiging til heisen går me gjennom, betalar og trekker oss ut av køen til venstre ( framfor inngangen til køyrebua), gjer oss klar og stig innatt heilt fremst ved påstigningen til heisen. Det blir hengt opp plakat om dette på køyrebua slik at andre i køen er klar over at vi har lov. Det er og kome nytt lysanlegg som er lagt ca 20 meter inn i bakken i forhold til heisen slik at start mot heisen, nede ved avstigningen, ikkje blir aktuelt.
Vis airmanship. fly trygt og ha ein fin sesong 2006.
 

23-11-05 Oppdaterte gallerisider
Litt nye bilder for å få dempa flysuget i ein trist periode av året. Eit galleri med bilder frå Brasil, og eit med bilder frå rundt 1990.

10-10-05 Instruktørar
Klubben har fått 3 nye instruktørar. Øystein H, Terje J og Roland har i helga vore på rikssenteret på Vågå og teke instruktørkurs. 26 gutar og jenter deltok frå heile landet. Det var det største antal nokon gong. Mykje teori og gruppearbeid gjorde at det blei lite flyging på oss, men eit par turar klarte me å lura oss til.

Med økt instruktørkapasitet er målet å halda fleire kurs i året. Sidan me er ein klubb som famnar om eit stort geografisk område, vil me freista å halda kurs på alle stader i Sogn - Balestrand, Leikanger, Sogndal/Luster, Årdal, Lærdal og Vik. Utfordringa ligg i å finna egna kursbakkar og start-/landingar. Veit du om nokon som ynskjer å bli pilot, så gi oss beskjed HER.

10-10-05 Galleriet
Galleriet er oppdatert med litt nye bilder. Det er også oppretta eit galleri med mobil-bilder. Dei fleste har kamera på mobilen og det kan bli eit og anna blinkskot ut av dette.Har du bilder liggande så send dei til oss.

22-09-05 Sms-varslingen
Det er pr. i dag 8 pilotar som er innmelde på sms-varslinga. Anbefalar fleire til å melde seg inn slik at den kjem til sin rette. (Hint hint, til våre nye medlemmer:) Har heller ikkje full oversikt over kven som er innmeldt så ver vennleg og send ein straumpost til oss og gje beskjed om du er på lista. For dei som melder seg inn/ut framover er det fint om de gjer oss beskjed. Vis det er ønskelig kan vi legge ut lista på sida slik at alle kan sjå kven som er der.Varslinga kjem til å bli aktivt brukt når vintersesongen byrjar på skisenteret.

22-09-05 Meir oppdatering  
Som nevnt under er no ei linkside under arbeid. For tida er utsjåande og antall linkar mangelfulle, men blir oppdatert på fortløpande slik at det skal bli eit eminent utganspunkt for alle. Knappen LINKSIDER finn du på menyen til venstre.

14-09-05 Oppdatering av våre nettsider.
Det blir no jobba fortløpande med oppdateringar og forandringar på sidene våre. Vi skal i løpet av hausten få opp ein eiga side med lenkar. Dette er for at våre medlemmar enkelt skal kunne bruka denne sida som ei startside for alt pg-relatert nettbruk.Her er mykje å velgja i og vi ber om at DU sender oss tips om du finn sider som kan vera interessante for oss andre. Det du vil merka er at eksterne linkar åpnar seg i nytt vindauge for å lette leitinga etter "pg-porno". Eg (Øystein H) og Terje jobbar med eit heilt nytt bildegalleri og forum. Vil vil forsøka å få det litt meir oversiktelig og "up to date". Mange medlemmar har bilder liggande og det er synd ikkje fleire for sjå desse men håpar å få ting på plass snarast.

28-05-2005 Fornying av lisens
Vi har noen i klubben som er litt lite aktive og som har utgåtte lisenser. De som er PP2 må ta ny utsjekk med instruktør. For PP3, PP4 og PP5 gjelder følgende:
”Flyger som har fløyet minimum 5 timer eller 20 turer i løpet av de siste 12 måneder før fornyelse, og som ellers mener seg kvalifisert, kan fornye ved hjelp av egenerklæring på fornyelsesskjemaet”.

25-05-2005 E-post
Vi har fått nye e-post-adresser i forbindelse med at vi har fått nytt domene på internett.
post@sognpg.com
kurs@sognpg.com
sikkerhet@sognpg.com
web@sognpg.com

Vi oppfordrer alle som har e-post-adresse og ikke har fått e-post fra klubben i det siste, om å sende oss sin e-post-adresse, slik at det blir lettere å holde dere informert. Hvis det er noen som trenger eller vil ha en e-postadresse på sognpg.com, så har vi noen adresser ledig.

25-05-2005 Sogndal TIA/TIZ
Som alle piloter i distriktet sikkert vet, så er store deler av luftrommet i Sogn regulert område for Sogndal Lufthavn på Haukåsen. Det betyr begrenset bevegelsesfrihet for oss. De fleste er inneforstått med at det er "ulovlig" å fly i nærområdet til flyplassen (TIZ). Her gjelder begrensningen fra bakkenivå og oppover til høyder som langt overgår våre evner til oppdrift.Det kanskje færre er klar over, er at det stort sett ikke er lov til å fly over 5500 fot (ca 1700 moh) i Sogn (TIA), uten radiokommunikasjon med Tårnet på flyplassen. Dette er høyder vi raskt kan overstige på en god dag. Vi jobber med informasjon som vi skal legge ut på sidene her, og i den forbindelse har vi kontakt med flyplassen for å finne best mulig løsninger for oss. Avinor.

Gi beskjed til webmaster hvis det er ting som ikke fungerer på din maskin, eller om du har tips til forbedringer.

13-04-2005 Møtereferat
Nå kan du finne referat fra årsmøter og styremøter på våre web-sider. I tillegg ligger regnskap og årsberetninger her. Se menyen til venstre. Gamle dokumenter vil bli lagt inn senere.